Strusshamn karateklubb

Strusshamn karateklubb følgjer den tradisjonelle karatestilarten Chito-ryu. I Chito-ryu legg ein vekt på naturlege teknikkar for effektivt sjølvforsvar og mindre belastningsskader.

Karate for born er annleis enn karate for vaksne. Sjølvforsvar er underordna. Gjennom leik og moro trenar ein kroppskontroll og fokus. Ein lærar òg disiplin og respekt for seg sjølv og andre.

Bli medlem

I haust tek me imot nye medlemmar. Born og ungdom frå 1. klasse og oppover er velkomne. Registrer deg ved å fylla ut skjema her. Det er begrense antall plassar ledige.

Treningsavgifta er 700kr per semester.
Betaling kan gjerast til:
Strusshamn karateklubb, Lyngneset 39, 5302 Strusshamn
kontonummer 3633 37 72110.

Timeplan

Nybyrjare

Vidarekomne

Kumitetrening for vidarekomne

Me samarbeidar med Vikingene karateklubb om kumitetrenigar på Sotra.

Første trening

Still barfot og i lett treningstøy. Ta gjerne med drikkeflaske. Det er mogleg å kjøpa karatedrakt gjennom klubben.

Kontakt oss

Om klubben

Sommaren 2013 vart klubben stifta. Fanny Dalis og Rune Reisegg Jacobsen er instruktørar. Rune har trent karate i over 20 år. Han har òg trent taiji i mange år. Fanny har trent i fleire år og har lang erfaring som lærar.

Klubben samarbeider tett med Universitetets karateklubb, og er medlem av International Chito-Ryu Karate Federation (ICKF) med hovudsete i Kumamoto, Japan.

Klubben er også medlem i Norges Idrettsforbund og Norges kampsportsforbund.

Pensum og anna