Strusshamn karateklubb følgjer den tradisjonelle karatestilarten Chito-ryu. I Chito-ryu legg ein vekt på naturlege teknikkar for effektivt sjølvforsvar og mindre belastningsskader.
Karate for born er annleis enn karate for vaksne. Sjølvforsvar er underordna. Gjennom leik og moro trenar ein kroppskontroll og fokus. Ein lærar òg disiplin og respekt for seg sjølv og andre.
Bli medlem
I haust tek me imot nye medlemmar. Born og ungdom frå 1. klasse og oppover er velkomne. Registrer deg ved å fylla ut skjema her. Det er begrense antall plassar ledige.
Treningsavgifta er 700kr per semester.
Betaling kan gjerast til:
Strusshamn karateklubb, Lyngneset 39, 5302 Strusshamn
kontonummer 3633 37 72110.
Timeplan
Nybyrjare
- Fredag kl. 16.30 – 17.30. Gymsalen, Strusshamn skule
Vidarekomne
- Tysdag kl. 17.00 – 18.00. Lyngneset 39, Strusshamn
- Tysdag kl. 18.00 – 19.00. Kumite. Lyngneset 39, Strusshamn
- Fredag kl. 16.30 – 18.00. Gymsalen, Strusshamn skule
Kumitetrening for vidarekomne
Me samarbeidar med Vikingene karateklubb om kumitetrenigar på Sotra.
- Måndag kl. 17.00 – 18.00. OBS bygget Sartor, 5353 Straume
- Torsdag kl. 17.30 – 19.00. OBS bygget Sartor, 5353 Straume
Første trening
Still barfot og i lett treningstøy. Ta gjerne med drikkeflaske. Det er mogleg å kjøpa karatedrakt gjennom klubben.
Kontakt oss
- Fanny: 91 63 50 65
- Rune: 92 82 94 77
- Epost: strusshamnkarate@gmail.com
Om klubben
Sommaren 2013 vart klubben stifta. Fanny Dalis og Rune Reisegg Jacobsen er instruktørar. Rune har trent karate i over 20 år. Han har òg trent taiji i mange år. Fanny har trent i fleire år og har lang erfaring som lærar.
Klubben samarbeider tett med Universitetets karateklubb, og er medlem av International Chito-Ryu Karate Federation (ICKF) med hovudsete i Kumamoto, Japan.
Klubben er også medlem i Norges Idrettsforbund og Norges kampsportsforbund.
Pensum og anna